page view image

Dansen med orda - Kjartan Fløgstad møter Gabriels Novgorod

Kva skjer når Kjartan Fløgstad møter dei leikne bergensarane i kvartetten Gabriels Novgorod?

Information
event image
Forfattar Kjartan Fløgstad er ein leiken ordkunstnar, som gjerne dansar med orda, både i ballsalar og på Folkets hus. I tillegg til ei rekkje prislønte romanar, har han skrive fleire tital songtekstar. Musikar og komponist Gabriel Fliflet har tonesett mange av desse.


I Dansen med orda vil Fløgstad leika seg med ord og musikk i lag med Gabriels Novgorod, eit av Bergens mest vitale band, som har etnisk populærmusikk frå Østersjø-området som spesialitet. I tillegg til Fløgstad sine songar kjem det sikkert og perler frå våre naboar i aust du ikkje kan stå i mot! Med Kjartan Fløgstad (snakking, opplesing, rapp), Gabriel Fliflet (trekkspill, song), David Chelsom Vogt (fele, song), Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass, song) og Jørgen Sandvik (gitar, song).

Waiver

Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.