page view image

Den eventyrlege Gamlehaugen

Slottet på Paradis som politisk og kongeleg møtestad!

Information
event image
Då Christian Michelsen fekk oppført Gamlehaugen, ante han ikkje at det var ein framtidig kongebustad han bygde. I år har det staselege bygget vore Kongens residens i 100 år, og det er også 100 år sidan Christian Michelsen døydde – samt 125 år sidan Gamlehaugen stod ferdig og 120 år sidan Unionsoppløysinga.


No gir Forlaget Press og Statsbygg ut boka Gamlehaugen, om den lange og fascinerande historia knytt til Gamlehaugen, både som politisk og royal møtestad. Her budde også kronprins Håkon Magnus då han tok utdanninga si ved Sjøkrigsskolen, og eitt av bidraga i boka er eit intervju med Kronprinsen om studietida hans i Bergen, ført i pennen av forfattar Marit Eikemo – og med tittel «Den første hybelen til Kronprinsen».

Høyr to av bidragsytarane i boka, professor i historie Morten Hammerborg og kunsthistorikar Tonje Haugland Sørensen, snakke om historiene veggene og om all kunsten  veggene i dette Rapunsel-aktige slottet – ein bygning som arkitektonisk kombinerer borg og slott på eit vis som gir assosiasjonar til to ulike område: Loiredalens mange 1500-tals slott og dei skotske adelsborgene med tårn.


130/60,– (stud./honnør).

Arrangør: Litteraturhuset i Bergen

samtale gamlehaugen mortenhammerborg tonjehauglandsørensen historie kunst