page view image

Som du ser meg. Dag Johan Haugerud i samtale med Erlend Loe

Møt Dag Johan Haugerud, den prislønna filmskaparen som også har eit betydeleg forfattarskap å vise til

Information
event image

Dag Johan Haugerud har markert seg som ein av våre største filmskaparar og har hausta inn prisar og internasjonal heider, sist for trilogien Sex, Drømmer og Kjærlighet. Mindre kjent er det kanskje at Haugerud også har ein forfattarskap prega av djup menneskekunnskap og litterær finkjensle å vise til. Han debuterte i 1999 med Noe med natur og har sidan gitt ut romanane Den som er veldig sterk, må også være veldig snill (2002), Hva jeg betyr (2011) og Enkle atonale stykker for barn (2016). 

No er Haugerud aktuell med ny bok, Sjelesorg, og møter forfattar Erlend Loe til samtale om den nye romanen spesielt, skjønnlitteratur generelt, kanskje også litt om film – og truleg vil dei også snakke om noko av det som kan seiast å sameiene dei to forfattarane: Ei stor ømheit for menneske som ikkje alltid føler at dei strekker til og eit blikk for at kvar einaste dag på jorda byr på ein jamn straum av misforståingar.


Foto: Anna-Julia Granberg/Blunderbuss/CappelenDamm / Baard Henriksen

litteratur dag johan haugerud erlend loe