page view image

PÅMELDING: Samsnakk om språk

Velkommen til ein formiddag i språkets teikn

Information
event image

Noregs Mållag og Bergens Riksmålsforening inviterer til ein romsleg laurdagsformiddag med tema språkleg mangfald og språkleg kvalitet.

Det skal handle om:

  • å styrke godt norsk språk, både nynorsk og bokmål 
  • Stortingsframlegget som vil grunnlovsfeste at norsk skal vere det nasjonale hovudspråket i Noreg. 
  • språk og makt 
  • korleis KI endrar språket vårt
  • framtida for norsk som fagspråk 

Møt professor Jill Walker Rettberg, Fredrik Mehn-Andersen, styreleiar i Bergens Riksmålsforening, Peder Lofnes Hauge, leiar Noregs Mållag og Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag, Isak Slettebø, frå styret i Vestmannalaget, Siri Pettersen Strandenes, Ragna Sofie Grung Moe og William Hazell frå styret i Bergens Riksmålsforening 

Satireteikninga frå 1917 er teikna av Ragnvald Blix frå då stavemåten på revolution blei endra til revolusjon. 

Servering av mat og drikke.

Gratis – påmelding

Bilde: Ragnvald og Ida Blix' Fond / Hauge/Bjørnstad: Kristianne Marøy

Waiver

Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.