page view image

Vrang viljes veg

Med Tom Roger Aadland og Olav Christer Rossebø

Information
event image
Tom Roger Aadland er ein av dei mest kritikarroste artistane og låtskrivarane i landet. Med ei eiga evne til å kombinere sterke tekstar med iøyrefallande melodiar, har han skapt radiofavorittar som «Alle dei i ei», «Like til mi dør» og «Min beste ven på ein dårleg dag».


Han er også kjent for sine sterke gjendiktingar av Bob Dylan, og som tekstforfattar for bl.a. Hellbillies og Vamp.

I februar 2027 kjem det nye albumet «Vrang viljes veg», og Tom Roger drar på turné. Fredag 5. mars kjem han til Litteraturhuset i Bergen, i følgje med den virtuose multiinstrumentalisten Olav Christer «Laffen» Rossebø (fele, mandolin, mandola og bouzouki).


Programmet består av låtar frå den nye plata, kjente radiofavorittar og Dylan på nynorsk. Gled deg til ei nær og sterk konsertoppleving med ein av Noregs fremste historieforteljarar!


350,– 
Foto: Foto: Øystein Viland og Jarle H. Moe

Waiver

Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.