page view image

Arill Riise om klyngetunet som gjekk tapt

Information
event image

Klyngetun er hus og bygningar som høyrer til ulike gardsbruk og som er plassert tett saman. Mellom husa i denne vestlandske byggetradisjonen, var det små gater og tun som kan minne om landsbyar i Mellom-Europa. I boka Der ingen var einsam skildrar journalist Arill Riise kva som gjekk tapt då klyngetunet i Hjørundfjorden som han vaks opp i, blei utsletta i eit stort snøskred. Tre menneske omkom. Blant dei var Arill sin fire år gamle bror, Ivar. 

Dette er historia om korleis det var å bu så tett på kvarandre i denne buforma som nærast ikkje finst lenger, det som blir kalla «den norske landsbyen». Føredraget er ei skildring i lyd, tekst og bilete der du får møte sterke karakterar i dramatiske og underhaldande historier. Det er også ei gripande, nær og varm skildring av eit bygde-Noreg i etterkrigstida som mange kan kjenne seg igjen i. 

Det blir boksalg og signering etter arrangementet.


150/70,– (stud./honnør).




vestlandet bergen hjørundfjorden klyngetunet føredrag bygde-noreg