page view image

Forfattarsamtale med Kyrre Andreassen

Information
event image
Med Kyrre Andreassen og Joakim Randa Berthelsen


Med utgivingar som novelledebuten Det er her du har venna dine (1997) og romanane Barringer (1999), Svendsens Catering (2006) og Forøvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges (2016) har Kyrre Andreassen utvist eit eige blikk for menneskets sjelelege og sosiale irrgangar. Romankarakterane til Andreassen er ofte menn som i utgangspunktet ikkje har hatt så tydeleg plass i skjønnlitteraturen; dei er litt mistilpassa, lett aggressive og framstår som ein slags samtidas einkvan – på armlengds avstand frå den øvre middelklassen.


Andreassen er i haust aktuell med romanen Ikke mennesker jeg kan regne med, no med ei kvinne som hovudperson. Linda Hansen er tobarnsmor og tilsett i kommunen. Ein dag, etter tjue års samliv, kjem mannen heim, stiller seg opp framfor mikrobølgeovnen og seier at han ikkje lenger har kjensler for ho. Møt forfattaren i ein samtale om kjærleik og bygda, stoltheit over ein integrert garasje, om livsløgn og behovet for hemn. Samtala blir leia av forfattar og kritikar i Bergens Tidende Joakim Randa Berthelsen.


130/60,– (stud./honnør)

kultur litteratur