Utvekslingsstudie: Litteraturkritikarane romandebuterer!

page view image
event date

Mittwoch 13 Nov 2024 19:00

Endet Mittwoch 13 Nov 2024 20:00
bestellen

Wenn Sie einen Promocode haben, hier eingeben

Available items

Student/Honnør
Vanlig
event image

Event-Informationen

Bjørn Ivar Fyksen og Even Teistung er godt etablerte litteraturkritikarar i Klassekampen. No er dei begge aktuelle som romandebutantar. Fyksen har med utgivinga Gård og grunn skrive ein moderne bonderoman om jazz og odel, om eit ættesamfunn av i går, i utakt med eit Noreg av i dag. Teistungs roman Endestasjoner tematiserer ein norsk families fortrenging av så vel ein nazisympatisør i familien som familiens eige tyske opphav.

I vår faste serie Utvekslingsstudie ber vi forfattarar om å bytte bok, snakke om si eiga bok, om lesinga av den andre si bok – og denne gongen også om korleis det er å bli lese og vurdert av kritikarar. Møt Fyksen og Teistung i samtale med Erlend Liisberg, litteraturkritiker i Bergens Tidende og prosjektleiar i LitFestBergen.

130/60,– (stud./honnør).

Tags

litteratur
kritikk
bok
roman
Veranstalter
Litteraturhuset i Bergen