Djupdykk med Olaug Nilssen

page view image

Tickets Not Available

bestellen
Es stehen keine Tickets mehr zur Verfügung
event image

Event-Informationen

Olaug Nilssen er i haust aktuell med romanen Uønska åtferd. Katrine er gift med Gunnar, saman har dei barna Jostein og Janne. Sonen er psykisk utviklingshemma, og familielivet er fullstendig dominert av omsorgsbehovet hans. Dottera er oversett, men også utsett då Jostein kjem i puberteten og utagerer seksuelt. 

Forfattaren har markert seg som ei viktig, utfordrande og uredd røyst i det offentlege ordskiftet – og då særleg med utgangspunkt i det å sjølv vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn. Nilssen fekk sitt store litterære gjennombrot så langt tilbake som i 2005 med romanen Få meg på, for faen og har skrive i mange ulike sjangrar.  Ho har fått eit utal litterære prisar og i 2021 mottok ho Fritt Ords pris saman med Bjørn Hatterud og Jan Grue. Møt Nilssen i samtale med forfattar Eivind Riise Hauge om romanen Uønska åtferd og forfattarskapen  i sin heilskap. 

110/60,– (stud./honnør). 


    

    


    


                                   
    


                                   
    
                                   
    
    
                                   
                                       

    


                                   

    

    

Tags

litteratur
Veranstalter
Litteraturhuset i Bergen