Dansen med orda - Kjartan Fløgstad møter Gabriels Novgorod
Kva skjer når Kjartan Fløgstad møter dei leikne bergensarane i kvartetten Gabriels Novgorod?
Information
Forfattar Kjartan Fløgstad er ein leiken ordkunstnar, som gjerne dansar med orda, både i ballsalar og på Folkets hus. I tillegg til ei rekkje prislønte romanar, har han skrive fleire tital songtekstar. Musikar og komponist Gabriel Fliflet har tonesett mange av desse.
I Dansen med orda vil Fløgstad leika seg med ord og musikk i lag med Gabriels Novgorod, eit av Bergens mest vitale band, som har etnisk populærmusikk frå Østersjø-området som spesialitet. I tillegg til Fløgstad sine songar kjem det sikkert og perler frå våre naboar i aust du ikkje kan stå i mot! Med Kjartan Fløgstad (snakking, opplesing, rapp), Gabriel Fliflet (trekkspill, song), David Chelsom Vogt (fele, song), Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass, song) og Jørgen Sandvik (gitar, song).
foto: Sigrid Kvarekvål
Waiver
Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.