page view image

Forfattarsamtale med Arild Linneberg og Vigdis Hjorth

Information
event image

Med Arild Linneberg, Vigdis Hjorth og Frode Helmich Pedersen


I 2001 gav Vigdis Hjorth ut romanen Om bare, som fortel historia om eit intenst kjærleiksforhold mellom dramatikaren Ida Heier og litteraturprofessoren Arnold Busk. No er professor emeritus, kritikar og omsetjar Arild Linneberg aktuell med romanen Bare om Arnold Busk, fortalt av han selv, ei bok som høgst sjølvstendig går i ein slags dialog med Hjorths roman – eller som nokon har karakterisert utgivinga som; ein motroman.


Tjue år etter at forholdet til den kvinnelege forfatteren tok slutt, bestemmer romankarakteren, og litteraturprofessoren, Arnold Busk seg for å fortelje sin versjon av historia. Bare om Arnold Busk, fortalt av han selv er ein odyssé som byrjar i Berlin tidlig på 1990-talet og som skildrar eit intenst kjærleiksforhold. Men romanen har også nokre sidespor inn i litteraturhistoria, i politikken og inn i diskusjonen om sanning og fiksjon.


Møt Linneberg i samtale med Vigdis Hjorth, som var medforfattar på den første boka hans, Ubehaget i kulturen (1995). Samtalen blir leia av professor i nordisk litteratur ved UiB, Frode Helmich Pedersen.


130/60,– (stud./honnør).


Foto (Vigdis Hjorth): Sara Angelica Spilling


litteratur kultur