Sleppfest for Husdraumar med Marit Eikemo og Marita Aarekol
Historier om forlatne heimar på Vestlandet
Fotografen Marita Aarekol har reist Vestlandet på kryss og tvers og fotografert forlatne hus. Forfattaren Marit Eikemo fortel historier om husa og dei som ein gong budde der. Det er det blitt bok av: Husdraumar. Forlatne heimar på Vestlandet.
Dette er ei historie om nokre av dei tomme husa. Grunnane til at lysa er sløkte og folk har reist, er alt frå arveoppgjer, økonomiske konfliktar, sjukdom, død, klimaendringar til personlege tragediar. Mange av husa ber på mørke forteljingar.
I kveld fortel Aarekol og Eikemo mellom anna historia om huset som står slik det gjorde den dagen han som budde der, vart myrda, om snikkaren som ville at huset skulle døy med han, om familiar som har gått frå gard og grunn, og om å bu under bergfall og få ein gigantisk steinblokk klint inntil husveggen.
Det blir boksal og signering etter arrangementet.
Og: dei råkande fotografia til Aaarekol kan de sjå utstilt på Litteraturhuset i Bergen!
150,–/120,–/60,–
Foto: Skjalg Ekeland / Marita Aarekol
Waiver
Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.