page view image

Spelemann: Samtale med Odd Nordstoga og Mona B. Riise

Information
event image
Med Odd Nordstoga og Mona B Riise


«Eg håpar det blir ei bok
om ein spelemann, for det synest eg er
ein fin ting å vera. Å, kunne eg vera ein
spelemann!»


Odd Nordstoga er ein av Noregs mest folkekjære artistar. I boka Spelemann fortel han si eiga historie. Velkommen til boksamtale med musikalske innslag mellom Odd Nordstoga og Mona B. Riise.


«Eg har bestemt meg for å legge alt
skamvit til sides og fylgje meg sjølv med
tastatur. Eit slags reality show på papir
blir det vel. Eg skal hente fram minne
frå stadene mine, frå vegane mine og
folket mitt, for det er dei som ligg mellom
linjene i musikken min. Fortelje fram
baklandet til songane mine. Det er det eg
skal prøve på.»


Odd Nordstoga (f. 1972) er ein av Noregs mest folkekjære artistar, kjend for songar som «Bestevenn», «Kveldssong for deg og meg» og «Ein farfar i livet». Nordstoga kjem frå Vinje i Telemark og slo igjennom med soloalbumet Luring i 2004. I løpet av ein karriere på over 20 år har han gitt ut 18 plater, vunne fleire spellemannsprisar, samarbeidd med artistar som Ingebjørg Bratland og Sissel Kyrkjebø og fylt både ungdomshus over heile landet og Operaen i Oslo.


Mona B. Riise (f. 1972) er journalist og programleiar på TV og radio. Ho er utdanna frå Universitet i Oslo, med litteratur, medier og kommunikasjon i fagkrinsen. Ho har lang fartstid som reportar og programleier for musikk og kulturprogram på NRK, blant anna i Lydverket.


130/60,– (stud./honnør).


Foto: Agnete Brun og Kristin Svorte


    

    


litteratur