Ukraina på Litteraturhuset: Solidaritet gjennom litteratur – Krym og Ukraina
Med Rory Finnin og Ingunn Lunde
Rory Finnin er ein leiande forskar og formidlar i ukrainsk og krymtatarsk litteratur og til dagleg professor ved Universitetet i Cambridge. Han har skrive boka Blood of Others: Stalin’s Crimean Atrocity and the Poetics of Solidarity (2022) om folkemordet på krymtatarane, Kryms urbefolkning, i 1944 og korleis litteraturen – den krymtatarske, ukrainsk og tyrkiske – bidrar til å bygge solidaritet og forståing av dette traumet. No er Finnin bokaktuell igjen med ein banebrytande monografi om Ukrainas nasjonaldiktar, Taras Sjevtsjenko (1814–61), Freedom’s Liberator: Taras Shevchenko and the Making of Modern Ukraine (2026).
I samarbeid med Institutt for framandspråk (UiB) og prosjektet UA-FLEX inviterer Litteraturhusets Ukraina-serie til samtale med Rory Finnin. Samtalen blir leia av Ingunn Lunde, professor ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen.
Samtalen vil vere på engelsk / The Conversation will be in english
150,–/120,–/60,–
Foto: University of Cambridge / Paul Meurer
Waiver
Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.