Ukraina på Litteraturhuset: ukrainsk samtidslitteratur med Oleksandr Mykhed
«Ukraina på Litteraturhuset» er ein serie denne hausten som gir eit særskilt innblikk i ukrainsk historie og litteratur samt situasjonen i dagens krigsramma Ukraina.
I samband med serien vår denne hausten «Ukraina på Litteraturhuset» har vi invitert den ukrainske forfattaren Oleksandr Mykhed (f. 1988). Mykhed er frå Lviv og har skrive ei rekke romanar i tillegg til sakprosa og skriv jamleg for den britiske avisa The Guardian. For tida held han på med band to av ei bok som på engelsk har fått tittelen The Language of War, ei samling korttekstar om krigserfaring for sivilsamfunnet og einskildmennesket. Han har også saman med far sin, litteraturvitaren Pavlo Mykhed gitt ut ei bok om ukrainske forfattarar, og som bygger på ein podkast som dei laga saman som heiter Levende (Zjyvi). Oleksandr Mykhed har også skrive fleire bøker for barn som handlar om krig. Mykhed tener for tida i Dei ukrainske styrkane. Møt han i samtale med Ingunn Lunde, professor ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen.
Samtalen vil vere på engelsk / The Conversation will be in english
150,–/120,–/60,–
Foto: Paul Meurer / Sasha Samusevych for The Village Ukraine
Omslag: Penguin
Waiver
Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.