Utvekslingsstudie: syskena Øyehaug
EVENT INFORMATION

Gunnhild og Olav Øyehaug er syster og bror. Dei skriv begge særprega og påtakeleg fantasirike bøker. Gunnhild Øyehaug gav i fjor haust ut essayamlinga Hjartet i skalkeskjulet og Olav Øyehaug romanen Stupet og handa.
I Utvekslingsstudie bytter to forfattarar bok og møtest til samtale om lesing, skriving og skjønnlitteratur i sin heilskap. Korleis ser syskena Øyehaug på kvarandre sin litteratur, korleis les dei kvarandre og kva tenkjer dei om kva som har forma dei som forfattarar? Samtaleleiar er journalist i Bergens Tidende Kjetil Kopren Ullebø.