Klassikaren: Olav Duun og Menneskemaktene

Vi feirar 150-årsdagen for Olav Duuns fødsel! Med professor i nordisk litteraturhistorie Ronny Spaans ved Universitetet i Oslo.

page view image
Event date

Friday 20 Nov 2026 18:00

Ends Friday 20 Nov 2026 19:00
order

If you have a promo code apply here

Available items

BT Fordel
Ordinær
Honnør
Student / under 25
event image

Event information

Olav Duun er ein av dei mest gripande forfattarane i norsk litteratur. Kvaliteten i litteraturen til Duun kjem til dømes fram i Medmenneske, eit høgdepunkt i forfattarskapen. Der utforskar Duun makt og lagnad mellom menneske. Det handlar om den vonde Didrik Dale, den underkua sonen Håkon og svigerdottera Ragnhild. Romanen fører oss inn i menneskesinnet, i dei irrasjonelle maktene som styrer oss.


I foredraget blir du betre kjend med det litterære språket til Duun, dei råkande replikkane fulle av verbal kraft og underdriving. Det er ein forteljekunst som går tilbake til islendingesogene. Duun skreiv norske soger i same stil. Spaans brukar Medmenneske som utgangspunkt for foredraget. Ragnhild sitt sitat «Det vonde drep du ikkje med øks» fortel både om språkleg kreativitet og om miskunn, som er så typisk for Duun. 

 

Ronny Spaans er professor i litteraturhistorie ved Universitetet i Oslo. Han forskar på nynorsk litteratur i førre hundreåret, forfattarar som Olav Nygard og Olav H. Hauge, og arbeider for tida med ei bok om topografisk litteratur på 1600-talet. Han er òg medredaktør av Norsk litterær årbok.


150,–/120,–/60,–

Foto: Nasjonalbiblioteket via Wikimedia Commons

Waiver

Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.

Organizer
Litteraturhuset i Bergen