Litterær samtale med Nina Lykke

Nina Lykke og Marit Eikemo i samtale om døde foreldre, om samtaleterapi og om ei tidsånd som ein kjenner seg framand overfor

page view image
Event date

Wednesday 29 Oct 2025 19:00

Ends Wednesday 29 Oct 2025 20:00
order

If you have a promo code apply here

Available items

Vanlig
BT Fordel
Student/Honnør
event image

Event information

Nina Lykke er blant våre skarpaste samtidskronikørar og fekk det store gjennombrotet med Nei og atter nei (2016). Forfattaren utviser eit eige blikk for menneskets ofte høgst trivielle grunnvilkår og har skildra alt frå tenåringars grenselause egoisme til den vestlege øvre middelklassens blindsoner med eit råkande satirisk tilsnitt.

No er Lykke aktuell med sin femte roman, Hvor er de voksne? Romanens hovudperson er den seksti år gamle samlivsterapeuten Ida som nyleg har mista mor si. Relasjonen til mora har vore mildt sagt trøblete forhold til. No som mora er død, har ho tatt plass i Idas bryst, ikkje i hjertet, men ein stad bak kragebeinet, ved skjoldbruskkjertelen – som ei stadig påminning om døden, og om brotne familierelasjonar. Møt Lykke i samtale med forfattar Marit Eikemo som sjølv har hausta mykje ros for portrettet av ein far og av familie Eikemo.

Det blir boksal og signering etter arrangementet.

Foto: Agnete Brun/ Oktober og Samlaget

Tags

samtale
nina lykke
marit eikemo
litteratur
Organizer
Litteraturhuset i Bergen