Utyske med Guri Idsø Viken

Møt Guri Idsø Viken om umogleg og skeiv kjærleik under den andre verdskrigen

page view image
Event date

Wednesday 11 Nov 2026 19:00

Ends Wednesday 11 Nov 2026 20:00
order

If you have a promo code apply here

Available items

Student / under 25
Honnør
BT Fordel
Ordinær
event image

Event information

Guri Idsø Viken (f. 1979) er litteraturvitar, journalist, samfunnsdebattant og politisk rådgivar i Frivillighet Norge. I 2025 hadde ho stor suksess med den frimodige historiske romanen Krakk, som blei nominert til Sørlandets litteraturpris. No er ho aktuell med ein ny roman, Utyske, en stor fortelling om den umoglege kjærleiken mellom nordmenn og tyskarar under den andre verdskrigen – og der særlig relasjonen mellom norske Sveinung og tyske Mario står sentralt.


På garden Stormoen merker dei godt at det er krig. Tyskarane har tatt halve huset og styrer den store militærleiren i bygda frå finstova. Odelsjenta Synnøve er skeptisk, men mora oppmodar dottera til å gjengjelde interessa obersten Hugo viser ho. Nedi vegen driv Sveinung sauegarden etter at faren døydde i bombinga av Namsos. Han blir stadig meir uroa av oppførselen til venninna Synnøve.


Sjølv kunne han aldri likt ein soldat, meiner han. Det er heilt til han møter Mario. Sveinung fell pladask. Og med det er begge ungdommane involverte med kvar sin tyskar. Møt Viken i samtale med forfattar og litteraturformidlar Robin Van der Walle om krig, umogleg og skeiv kjærleik.


150,–/120,–/60,–

Foto: Agnete Brun/ Aschehoug, Helge Skodvin/ Cappelen

Waiver

Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.

Organizer
Litteraturhuset i Bergen