Boklansering: Kvinner som går
Velkommen til lansering av Hilde Kvalvaags nye roman!
Møt forfattaren i samtale med redaktøren sin, Tiril Broch Aakre.
Magne Thormodsæter og Hildegunn Øiseth spelar jazz, og Laura Djupvik og Tiril Broch Aakre les eigne tekstar.
Kvinner som går er ein roman om vennskapets sterke og kompliserte plass i kvinners liv. Tre venninner går frå sørkysten av England til nordenden av Skottland, med årlege etappar over tjue år. Vi følger dei gjennom kriser i kjærleiksrelasjonar, med barna og med kvarandre. Ei har eit barn som blir psykisk sjukt, ei forelskar seg i ein ny mann, ei har ein utru mann. Medan dei går tenker og snakkar dei, og kjem til innsikter som påverkar livet. Har ein det eigentleg bra? Kor fri er ein? Bør ein gå frå partnaren? Lever ein eit autentisk liv?
Arrangementet er gratis, men ein må hente ut gratisbillett for å sikre seg plass.
Gratis – påmelding
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.