page view image

Debutanttripp x 3!

Arrangementsinformasjon
event image

I samarbeid med Skrivekunstakademiet i Hordaland inviterer vi til ein kikk inn i debutantanes verd. Ferske skrivekunststudentar har fått i oppdrag å intervjue ni ulike debutantar av året om alt frå skrivemåte og inspirasjonskjelder til tematikk. Kva tenker dei om sitt eige verk? Det vil i tillegg bli opplesing av debutantane sjølve. 

Dei inviterte er Tilde Strand Bogen, Robin Van de Walle, Eira Søyseth, Leander Djønne, Maria Horvei, Ulla Svalheim, Ingelin Westeren, Ingrid Brækken Melve og Carl Henrik Berge. Om du vil følge med på kva som skjer i samtidslitteraturen nett no, er det berre til å innfinne seg på Litteraturhuset i Bergen denne kvelden!



litteratur