page view image

Filmvising: Édouard Louis, ou la Transformation

Ein dokumentar om Édouard Louis' mange liv

Informasjon
event image
I  dokumentaren Édouard Louis, ou la Transformation (engelsk tittel: The Many Lives of Édouard Louis) inviterer ein av dei viktigste samtidsforfatterne oss med på ei personleg vandring gjennom fortida som han gjennom sine sjølvbiografiske romanar har forsona seg med. Klasse, kultur, seksualitet, identitet og utdanning: Édouard Louis snakkar av erfaring.


Siden debuten En finir avec Eddy Bellegueule (Farvel til Eddy Bellegueule) har dei sjølvbiografiske romanane hans gjort han til ein av dei viktigaste og mest kjende franske forfatterne i samtida. I Édouard Louis, ou la Transformation, regi François Caillat, fortel han om oppveksten i ein fattig familie i Nord-Frankrike og den markante klassereisa der han blir til ein del av kultureliten i Paris. Undervegs snakkar han om alt frå klassekamp, maskulinitet, skam og identitet til alle dei små teikna og gestene han må skjøne og tileigne seg i sitt nye liv i Paris. 

Filmen er på fransk med engelsk undertekst.

I samarbeid med BIFF

Photo: Outplay films
edouardlouis fransk litteratur politikk forfatter