Kampar på vår vakt
Bestill

Forfattarsamtale om naturen sin eigenverdi med Helene Guåker og Sigurd Hverven.
Eit troll med tre hovud og dårleg ånde står og glor. Det glor på skogane våre og fjella
våre, på elva og vatnet. Eit hovud heiter automatisering, eit anna heiter
kommersialisering. Det tredje heiter forvaltning. Kampane som skal kjempast på vår
vakt handlar om naturen sin eigenverdi, på jorda vi har arva og låner. Slike kampar er
drivkrafta i Helene Guåkers forteljing om bomvaktaren Lodve i romanen
Almenningen. Frå dei same perspektiva utforskar Sigurd Hverven i boka Ville
verdier korleis makta til å øydelegge heng saman med ansvaret for å bevare jorda
si verdifulle evne til å skape og vedlikehalde eit livsgrunnlag for menneske og natur i
tidene som kjem.