Lillelørdag: Breens år
Vi markerer breens år saman med Jostein Bakke, professor ved institutt for geovitskap ved UiB!
Informasjon

Har du nokon gong lurt på kva som skjer når store isbrear smeltar? Eller korleis ein fjelltopp kan skape ein fossande flaum av vatn ned i dalen? Bli med på ei eventyrleg stund med spennande bilete der vi reiser tilbake til istida –og fram til i dag – for å utforske ei verd av is, stein og stor natur!
Med professor ved institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen Jostein Bakke.
Illustrasjon: Johannes Flintoes prospekter via Wikimedia Commons