page view image

Noreg i ei ny tid: USA – kva står på spel?

Kva står på spel i USA?

Informasjon
event image

USA er i rask endring – politisk, institusjonelt og som geopolitisk aktør. Kva er tilstanden for demokratiet i USA i dag? Korleis må vi forstå utviklinga i lys av landets både lyse og mørke historie? Kva fortel samtidige hendingar, som militære konfrontasjonar i Midtausten og politiske tilbakeslag for autoritære allierte i Europa, om USAs rolle som militær og kulturell supermakt?

Til dette arrangementet i Noreg i ei ny tid har vi invitert statsvitar og professor Hilmar Mjelde som keynote. Mjelde er ein av Noregs fremste ekspertar på amerikansk politikk, og den mest siterte akademikaren i norske medium i 2025. Med utgangspunkt i si forsking og løpande analyse av amerikansk politikk vil han gi ei overordna innleiing om dei politiske, demokratiske og strategiske utviklingstrekka i USA.

Innleiinga blir etterfølgt av ein panelsamtale (fleire deltakarar blir annonserte) som drøftar kva USAs utvikling betyr for NATO, europeisk tryggleik og for Noreg – politisk, militært og økonomisk. Kva slags USA må Europa og Noreg førebu seg på i åra som kjem?

Arrangementet er del av debattserien Noreg i ei ny tid, arrangert av Academia Europaea Bergen Knowledge Hub ved Universitetet i Bergen, i samarbeid med Litteraturhuset i Bergen.

150,– / 120,– / Gratis inngang for studentar ved framvising av studentbevis.

Foto: Mauricio Ramirez, Høgskulen på Vestlandet

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.