Poesiåret 2024
Informasjon
Kva poesiutgivingar har fått mest merksemd i året som har gått? Kva utgivingar er faktisk dei beste? Kva tendensar og straumdrag kan ein lese ut frå utgivingslister frå forlaget, ja, korleis står det eigentleg til med norsk poesi for tida? Vi set av to timar til å diskutere poesiåret 2024.
Med professor i nordisk litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen Frode Helmich Pedersen, litteraturkritikar i Vårt Land og redaktør av tidsskriftet BLA Sigrid E. Strømmen og litteraturstudent og praktikant i Vagant Daniel Ginsby. Samtaleleiar er historikar, litteraturarbeidar og forfattar Fredrik Hagen.
130/60,– (stud./honnør)