page view image

Djupdykk med Olaug Nilssen

Informasjon
event image

Med Olaug Nilssen og Evind Riise Hauge.


Olaug Nilssen er i haust aktuell med romanen Uønska åtferd. Katrine er gift med Gunnar, saman har dei barna Jostein og Janne. Sonen er psykisk utviklingshemma, og familielivet er fullstendig dominert av omsorgsbehovet hans. Dottera er oversett, men også utsett då Jostein kjem i puberteten og utagerer seksuelt. Nilssen har markert seg som ei viktig, utfordrande og uredd røyst i det offentlege ordskiftet – og då særleg med utgangspunkt i det å sjølv vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn.

Nilssen fekk sitt store litterære gjennombrot så langt tilbake som i 2005 med romanen Få meg på, for faen og har skrive i mange ulike sjangrar.  Ho har fått eit utal litterære prisar og i 2021 mottok ho Fritt Ords pris saman med Bjørn Hatterud og Jan Grue. Møt Nilssen i samtale om den siste romanen sin og forfattaskapen hennar i sin heilskap. Forfattar Eivind Riise Hauge leier samtalen på scenen.

110/60,– (stud./honnør). 

    

    


    


                                   
    


                                   
    
                                   
    
    
                                   
                                       

    


                                   

    

    

litteratur