Forfattarsamtale med Ingeborg Arvola

page view image

Tickets Not Available

BESTILL
Det er ingen flere billetter tilgjengelig
event image

Arrangementsinformasjon

Med Ingeborg Arvola og Tharaniga Rajah


Ingeborg Arvola har skrive bøker for barn, ungdom og vaksne og fekk sitt store gjennombrot med romanen Kniven i ilden (2022), som ho mottok Brageprisen for. Kniven i ilden er første bok i ein trilogi om sterke kvinner og kvensk kultur der Arvola trekker vekslar på si eiga familiehistorie. No er Arvola aktuell med bok nummer to, Vestersand, i serien som har undertittel «Ruijan rannalla – Sanger fra ishavet».  Her tar Arvola oss med til Neiden og Pykeijä, ho skildrar kvalfangst og tømmerbygging, isande snøhav og dampande sauna – og ikkje minst mørk sjalusi og stor kjærleik.


Møt Arvola i samtale med forfattar Tharaniga Rajah om kjærleiken og naturens ustyrlege krefter samt den historiske romanens mange moglegheiter.


130/60,– (stud./honnør)


Foto: Fartein Rudjord/NORLA og Oda Berby




Tags

kultur
litteratur
Organizer
Litteraturhuset i Bergen