Forfattarsamtale med Sergej Lebedev

Med Sergej Lebedev og Ingunn Lunde

page view image
Arrangementsdato

tirsdag 14 apr 2026 19:00

Slutter tirsdag 14 apr 2026 20:00
BESTILL

Hvis du har en promo-kode legg den inn i boksen

Tilgjengelige varer

Honnør
Student / under 25
BT Fordel
Ordinær
event image

Arrangementsinformasjon

Sergej Lebedev (f. 1981) er ein av Russlands mest internasjonalt kjende samtidsforfattarar, i tillegg til å vere journalist og redaktør. Han debuterte som romanforfattar i 2010 og bøkene hans er omsette til meir enn tjue språk. Den nyaste romanen, Belaja dama, kom ut på russisk i 2025 og blei utgitt på norsk same året i Ingunn Lunde si omsetjing.

Eit gjennomgåande tema i Lebedevs bøker er Stalintida og korleis Russland er prega av at verken samfunn eller styresmakter har tatt eit oppgjer med den totalitære fortida. Blant dagens russiske forfattarar har Lebedev vore ein av dei som tydelegast og lengst har kritisert Putin-regimets autoritære maktutøving. Han har dei siste åra vore busett i Berlin.

I romanen Damen i hvitt tar Lebedev oss tilbake til starten av Russland sin krig mot Ukraina, då Donbas blei okkupert. Handlinga spenner over fem dagar i juli 2014 i gruvelandsbyen Marat. Fiendar av styresmaktene er blitt likviderte og dumpa, lik etter lik, i landsbyens gruvesjakt og mellom anna slik avdekker romanen dei mørke kreftene som driver Putins Russland i dag. 

Høyr Lebedev fortelje om Damen i hvitt og om vald og kriminalitet i det russiske regimet i fortid og notid. Samtaleleiar er Ingunn Lunde, professor i russisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen.

150,–/120,–/60,–

Cappelen Damm / Jonas Meurer-Lunde

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.

Organizer
Litteraturhuset i Bergen