Klassikaren: Is-slottet av Tarjei Vesaas

page view image

Tickets Not Available

Det er ingen flere billetter tilgjengelig
event image

Arrangementsinformasjon

I denne klassikarserien tar vi for oss eit verk i verdslitteraturen som allereie har sin plass i kanon, eller som bør få status som klassikar. Vi inviterer akademikarar, forfattarar, kritikarar og omsetjarar til å velje sin klassikar til samtale eller til å halde føredrag i god formidlings- og opplysningsånd.

I år er det 125 år sidan Tarjei Vesaas (1897-1970) blei fødd. Det blir markert på ulike måtar i litteratur-Noreg. Vi har invitert Inga H. Undheim, førsteamanuensis i norsk litteratur ved Høgskulen på Vestlandet, til å halde føredrag om eit av Vesaas’ store verk, nemleg historia om ungjentene Siss og Unn. Med Is-Slottet (1963) vann Vesaas, som den første norske forfattaren, Nordisk råds litteraturpris i 1964. I føredraget vil Undheim utforske Vesaas’ sitt isslott – både som romanverk og som litteraturhistorisk hending.


                                   

    


                                   

    


                                   

    

Tags

politikk
menneskerettigheter
filosofi
litteratur
Organizer
Litteraturhuset i Bergen