© TicketCo AS 2025.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Djaïli Amadou Amal (f. 1975 i Maroua, Kamerun) debuterte som skjønnlitterær forfattar i 2010 og er blitt ein av dei viktige røystene i Kamerun. I den no aktuelle boka på norsk, De utålmodige, er Amals personlige erfaringar med tvangsekteskap og vald eit gjennomgåande tema. Vi følger tre kvinner, eller snarere tenåringsjenter, Ramla, Hindou og Safira, som alle på ulike vis blir utsett for fornedring i eit samfunn som er skapt og styrt av menn. Halvsøskena Ramla og Hindou blir begge tvangsgifta, mens Safira må finne seg i at mannen hennar tar seg ei ny kone. Men kva skjer når kvinnene tar til motmæle?
Djaïli Amadou Amal har gitt ut fleire romanar både i Kamerun og Frankrike. For De utålmodige blei ho tildelt den prestisjefylte prisen Prix Goncourt des Lycéens som første afrikanske kvinne. Med prispengane stifta ho organisasjonen Femme du Sahel, som arbeider for kvinners rettigheiter og utdanning i Sahel, savanneområdet som ho sjølv kjem frå – og De utålmodige er no blitt pensum for kamerunske elevar i vidaregåande skule.
Møt Amal i samtale med Vanessa Etondi om tvangsekteskap, eit sterkt mannsdominert samfunn og om opprørske kvinner.
Foto: Patrice Normand / Vanessa Etondi privat