Sleppfest for Husdraumar med Marit Eikemo og Marita Aarekol

Historier om forlatne heimar på Vestlandet

page view image
Arrangementsdato

tirsdag 20 okt 2026 19:00

Slutter tirsdag 20 okt 2026 20:00
BESTILL

Hvis du har en promo-kode legg den inn i boksen

Tilgjengelige varer

Honnør
Ordinær
Student / under 25
BT Fordel
event image

Arrangementsinformasjon

Fotografen Marita Aarekol har reist Vestlandet på kryss og tvers og fotografert forlatne hus. Forfattaren Marit Eikemo fortel historier om husa og dei som ein gong budde der. Det er det blitt bok av: Husdraumar. Forlatne heimar på Vestlandet.

Dette er ei historie om nokre av dei tomme husa. Grunnane til at lysa er sløkte og folk har reist, er alt frå  arveoppgjer, økonomiske konfliktar, sjukdom, død, klimaendringar til personlege tragediar. Mange av husa ber på mørke forteljingar.

I kveld fortel Aarekol og Eikemo mellom anna historia om huset som står slik det gjorde den dagen han som budde der, vart myrda, om snikkaren som ville at huset skulle døy med han, om familiar som har gått frå gard og grunn, og om å bu under bergfall og få ein gigantisk steinblokk klint inntil husveggen. 

Det blir boksal og signering etter arrangementet. 

Og: dei råkande fotografia til Aaarekol kan de sjå utstilt på Litteraturhuset i Bergen!

150,–/120,–/60,–

Foto: Skjalg Ekeland / Marita Aarekol

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.

Organizer
Litteraturhuset i Bergen