© TicketCo AS 2025.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Det Vestnorske Teateret held fram med sin True Crime-trilogi. Del 1 handla om politivaldsaka som var aktuell i fleire tiår. No går dei vidare i ein del 2:
Medan ekkoet av politivaldssakene stadig kan høyrast mellom veggane i politihuset, held politiet og påtalemakta i Bergen fram med å gjere grove feil som øydelegg livet til uskuldige: I Mindedrapet, i Landåssaka og i rådmannssaka, som òg blir til Wegnersaka.
Byen vest for loven
Felles for personane som blei skulda i sakene er at dei stakk seg ut – og derfor pådrog seg mistanke. Dei hadde også til felles at dei til slutt vart frifunne, takka vere hjelp frå andre enn politiet og påtalemakta – anten det no var dyre medhjelparar, angrande kriminelle eller oppofrande idealistar. «Det er ille overalt, men det er verst i Bergen - byen vest for loven», seier kjendisetterforskaren og austlendingen Ola Thune. Er det verkeleg sant? Og i så fall kvifor?
Intrigar og kamp
Politi! 2 er ein kollisjon mellom den patriotiske bergensaren og den kompromisslause austlendingen. Saman levandegjer dei ulike synsvinklar på sakene og hendingane. Når den intime og intense framsyninga er slutt, har dei forhåpentleg kriga seg ferdig. Og du har vore med på ein berg- og dalbane av mystisk terror mot kommunetoppar, infame intrigar på politikammeret, kamp for å overleve offentleg fornedring og sist men ikkje minst; kampen for politiets gode namn og rykte, og for byens ve og vel.
I denne teaterkritiske trioen vil kritikarane ta for seg stykket og vurdere i kva grad framsyninga har blitt velukka eller ikkje. Med Grethe Melby, Kristoffer Jul-Larsen og Ingvild Bræin.