Tom Roger Aadland: Konsert og bokbad

Rockepoeten Tom Roger Aadland sine songtekstar er samla i boka «Alle dei i ei – Songlyrikk 1999-2024». Velkommen til konsert med bokbad!

page view image
Arrangementsdato

lørdag 1 nov 2025 19:30

Slutter lørdag 1 nov 2025 21:15
BESTILL

Hvis du har en promo-kode legg den inn i boksen

Tilgjengelige varer

Ordinær
event image

Arrangementsinformasjon

Rockepoeten Tom Roger Aadland er ein av dei mest kritikarroste  låtskrivarane her i landet dei siste åra. No blir songtekstane hans  tilgjengelege i boka «Alle dei i ei – Songlyrikk 1999-2024», som kjem ut  på Fonna Forlag.  
Laurdag 1. november held han konsert med bokbad på Litteraturhuset i  Bergen. Litteraturprofessor Erling Aadland er samtalepartnar.   

Aadland slo gjennom med Dylan på nynorsk-albumet «Blod på spora» i 2009.  Så begynte han å skriva på nynorsk sjølv, og til no har det kome elleve  kritikarroste album frå hans hand. Fleire av songane hans har blitt  mykje spelt på norsk radio, og mange vil kjenna igjen titlar som «Like  til mi dør» og «Min beste ven på ein dårleg dag». Han er også kjent som  tekstforfattar for Hellbillies og Vamp, og han har hatt skrivesamarbeid  med Kjartan Fløgstad og Trygve Skaug. I den nye boka er alle tekstane  frå hans eigne soloplater samla, i tillegg til mange av tekstene han har  skrive for andre artister.  

«Som Dylan kan Aadland med nokre enkle, suggestive fra­sar teikne opp  ein augneblink og lade han med noko som får han til å verke avgjerande»,  skreiv Dag og Tid for ti år sidan. Då albumet «Motgift» kom ut, skreiv  Klassekampen: «Han kan til tider minne om en norsk Cohen, i balansegang  mellom hverdag og mytologi, Jokke og Homer.»  «Poesien sin misjon er  ikkje å ta i bruk dei største orda, men å smi dei små orda i linjer og  vers, gi dei meining», skriv lyrikaren Endre Ruset i føreordet til boka.  Aadland sin songlyrikk rommar både det nære og det vidfemnande.   

Aadland sine Dylan-gjendiktingar har blitt lagt merke til av mange, og  då biskopen i Stavanger blei vigsla, var Dylan tolka av Aadland det  musikalske ønsket hennar, og H.M. Kongen blant tilhøyrarane. Då høver  det bra at haustens første «songbokbad» blir med biskop Anne Lise Ådnøy  under litteraturfestivalen Kapittel i Stavanger. Deretter drar Tom Roger  Aadland på landsomfattande turné med blodfersk bok i gitarkofferten.

Foto: Arvid Børretzen

Tags

tom roger aadland
dylan
Organizer
Litteraturhuset i Bergen