Ukraina på Litteraturhuset: Solidaritet gjennom litteratur – Krym og Ukraina

Med Rory Finnin og Ingunn Lunde

page view image

Tickets Not Available

BESTILL
Det er ingen flere billetter tilgjengelig
event image

Arrangementsinformasjon

Rory Finnin er ein leiande forskar og formidlar i ukrainsk og krymtatarsk litteratur og til dagleg professor ved Universitetet i Cambridge. Han har skrive boka Blood of Others: Stalin’s Crimean Atrocity and the Poetics of Solidarity (2022) om folkemordet på krymtatarane, Kryms urbefolkning, i 1944 og korleis litteraturen – den krymtatarske, ukrainsk og tyrkiske – bidrar til å bygge solidaritet og forståing av dette traumet. No er Finnin bokaktuell igjen med ein banebrytande monografi om Ukrainas nasjonaldiktar, Taras Sjevtsjenko (1814–61), Freedom’s Liberator: Taras Shevchenko and the Making of Modern Ukraine (2026). 

I samarbeid med Institutt for framandspråk (UiB) og prosjektet UA-FLEX inviterer Litteraturhusets Ukraina-serie til samtale med Rory Finnin. Samtalen blir leia av Ingunn Lunde, professor ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen. 

Samtalen vil vere på engelsk / The Conversation will be in english

150,–/120,–/60,–

Foto: University of Cambridge / Paul Meurer

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.

Organizer
Litteraturhuset i Bergen