© TicketCo AS 2024.
Juridische voorwaarden voor ticketkopers
Juridische voorwaarden voor organisatoren
Ingvild Holvik (f. 1976) debuterte i 2010 til strålande kritikkar med romanen Lykkefeltet og har følgt opp med to stilsikre og gripande romanar, Premien for alt (2017) og Ho er fri (2020). Ho har også omsett Maren Uthaug til norsk, og blei nominert til Brageprisen for omsetjinga si av ungarske Attila Bartis. No er ho aktuell med romanen Reiret (arbeidstittel).
Gjennom dagboknotat og skjønnlitterære forsøk for å søke seg inn på eit forfattarstudium, blir vi kjent med hovudpersonen Gry. Reiret (arbeidstittel) er ein roman om oppvekst og bustad og om korleis kristen forkynning kan prege eit barn. Møt Holvik i samtale med forfattar Olaug Nilssen.
130/60,– (stud./honnør).