Klassikaren: Virginia Woolfs Mrs. Dalloway
Kva gjer Mrs. Dalloway til ein av våre mest kjende moderne klassikar?

I år er det 100 år sidan dette epokegjerande verket med sin særeigne stream of consciousness kom ut. Ein tidleg morgon i juni går Clarissa Dalloway ut for å kjøpe blomar til ein fest ho skal halde same kveld. Romanens handling skjer i løpet av eit døgn i 1923, i eit London som framleis er prega av første verdskrigen.
Høyr professor emerita i litteraturvitskap ved UiB Ellen Mortensen fortelje om dei estetiske kvalitetane og politiske implikasjonen som gjennomsyrer romanen – ein høgst etablert klassikar som opnar med desse legendariske orda: «Mrs. Dalloway sa hun kunne kjøpe blomstene selv.» Skodespelar ved Den Nationale Scene Ragnhild Gudbrandsen vil lese eit utdrag frå Mrs.Dalloway.
Bilde: Wikimedia/Christiaan Tonnis/VisualHunt
130/60,– (stud./honnør).
Arrangør: Litteraturhuset i Bergen