Litterær samtale med Djaïli Amadou Amal

Djaïli Amadou Amal i samtale med Vanessa Etondi

page view image
Evenemangsdatum

tisdag 11 nov 2025 19:00

avslutas tisdag 11 nov 2025 20:00
Beställ

Om du har en kampanjkod, använd den här

Tillgängliga artiklar

Student/Honnør
Ordinær
BT Fordel
event image

Evenemangsinformation

Djaïli Amadou Amal (f. 1975 i Maroua, Kamerun) debuterte som skjønnlitterær forfattar i 2010 og er blitt ein av dei viktige røystene i Kamerun. I den no aktuelle boka på norsk, De utålmodige, er Amals personlige erfaringar med tvangsekteskap og vald eit gjennomgåande tema. Vi følger tre kvinner, eller snarere tenåringsjenter, Ramla, Hindou og Safira, som alle på ulike vis blir utsett for fornedring i eit samfunn som er skapt og styrt av menn. Halvsøskena Ramla og Hindou blir begge tvangsgifta, mens Safira må finne seg i at mannen hennar tar seg ei ny kone. Men kva skjer når kvinnene tar til motmæle?

Djaïli Amadou Amal har gitt ut fleire romanar både i Kamerun og Frankrike. For De utålmodige blei ho tildelt den prestisjefylte prisen Prix Goncourt des Lycéens som første afrikanske kvinne. Med prispengane stifta ho organisasjonen Femme du Sahel, som arbeider for kvinners rettigheiter og utdanning i Sahel, savanneområdet som ho sjølv kjem frå – og De utålmodige er no blitt pensum for kamerunske elevar i vidaregåande skule. 

Møt Amal i samtale med Vanessa Etondi om tvangsekteskap, eit sterkt mannsdominert samfunn og om opprørske kvinner.

Foto: Patrice Normand / Vanessa Etondi privat

Taggar

samtale
amadou amal
vanessa etondi
Arrangör
Litteraturhuset i Bergen