Noreg i ei ny tid: Ein song for mjukdiplomatiet?
Kva rolle har diplomati i ei tid prega av krig, stormaktsrivalisering og aukande bruk av hard makt?
Verda er i rask endring. Konfliktnivået aukar, internasjonale institusjonar blir utfordra, og tilliten mellom statar er under press. Samstundes er behovet for dialog, forhandling og langsiktige løysingar større enn på lenge.
Til denne samtalen kjem Kai Eide, ein av Noregs mest erfarne diplomatar. Han har hatt sentrale roller i norsk utanrikspolitikk gjennom fleire tiår, mellom anna som norsk ambassadør, FN‑utsending og representant i NATO. Gjennom arbeidet sitt har han stått tett på både fredsprosessar og internasjonale maktspel.
Med dette som bakteppe spør vi:
Kva rom finst det for diplomati i dagens internasjonale system?
Har små statar som Noreg framleis ein særleg rolle å spele?
Og kva skjer når dialog i aukande grad blir erstatta av maktspråk og konfrontasjon?
I samtale med eit breitt samansett panel utforskar vi spenninga mellom realpolitikk og ideal, mellom militær makt og politiske løysingar – og kva som står att av det ein kan kalle mjukdiplomati.
Arrangementet er ein del av samtaleserien Noreg i ei ny tid, eit samarbeid mellom Academia Europaea sin hub ved Universitetet i Bergen, Litteraturhuset i Bergen og Chr. Michelsen Research.
150,– / 120,– / Gratis inngang for studentar ved framvising av studentbevis.
Foto: Agnete Brun
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.