Salong: Gunnar Skirbekk om nihilisme og livsmeining
Ein samtale om eit ungt menneske sitt forsøk på å finne eit grunnlag for å leve i ei verd der verken religion eller vitskap kunne gi fullgode svar – sett ut frå den eldre filosofens perspektiv
Information
I 1958 skreiv ein 21 år gammal medisinstudent ei bok som blei ein sensasjon i norsk offentligheit: Nihilisme? Eit ungt menneske på søk etter meining. Boka var eit ungt menneske sitt forsøk på å finne eit grunnlag for å leve i ei verd der verken religion eller vitskap kunne gi fullgode svar. I 2008 kåra Dagbladet boka til ei av etterkrigstidas 25 viktigaste norske sakprosautgivingar. Forfatteren, Gunnar Skirbekk, blei ein av Norges fremste filosofar, og spørsmåla i boka har følgt han gjennom heile karrieren – frå debutverket til Religion i moderne samfunn (2021).
Skirbekk er professor emeritus i vitskapsfilosofi ved Universitetet i Bergen, og møter Aslak Hjeltnes, professor i klinisk psykologi ved Universitetet i Bergen, til samtale om Nihilisme? Eit ungt menneske på søk etter meining – og korleis han i dag tenker om spørsmåla som boka tar for seg.
150,–/120,–/60,–
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.