Tom Roger Aadland: Vrang viljes veg
Tom Roger Aadland besøker Litteraturhuset i Bergen med det nye album «Vrang viljes veg».
Information
Tom Roger Aadland er ein av dei mest kritikarroste artistane og låtskrivarane i landet. Med ei eiga evne til å kombinere sterke tekstar med iøyrefallande melodiar, har han skapt radiofavorittar som «Alle dei i ei», «Like til mi dør» og «Min beste ven på ein dårleg dag». Han er også kjent som tekstforfattar for bl.a. Hellbillies («20 år på vegen»), Vamp og Marion Ravn.
Aadland fekk sitt store gjennombrot med dei banebrytande gjendiktingane av Bob Dylan til nynorsk på albuma «Blod på spora» (2009) og «Blondt i blondt» (2016), som òg danna grunnlaget for suksessframsyninga «Vikla inn i blått» på Det Norske Teatret. Sidan har han stått fjellstøtt på eigne bein med originalmateriell av høg klasse. Heile elleve kritikarroste album har det blitt.
I februar 2027 kjem det nye albumet «Vrang viljes veg», og Tom Roger Aadland drar på turné. Fredag 5. mars besøker han Litteraturhuset i Bergen med eit konsertprogram beståande av splitter nye låtar, kjente radiofavorittar og Dylan på nynorsk. Gled deg til ei nær og sterk konsertoppleving med ein av Noregs fremste historieforteljarar!
300,–
Foto: Jarle H. Moe
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.