Dag Johan Haugerud i samtale med Erlend Loe

Dag Johan Haugerud er i haust aktuell med romanen Sjelesorg.

page view image
Evenemangsdatum

torsdag 13 nov 2025 18:00

avslutas torsdag 13 nov 2025 19:00
Beställ

Om du har en kampanjkod, använd den här

Tillgängliga artiklar

Ordinær
Student/Honnør
BT fordel
event image

Evenemangsinformation

Dag Johan Haugerud har markert seg som ein av våre største filmskaparar og har hausta inn prisar og internasjonal heider, sist for trilogien Sex, Drømmer og Kjærlighet. Mindre kjent er det kanskje at Haugerud også har ein betydeleg forfattarskap å vise til prega av djup menneskekunnskap og litterær finkjensle. Han debuterte i 1999 med Noe med natur og har sidan gitt ut romanane Den som er veldig sterk, må også være veldig snill (2002), Hva jeg betyr (2011) og Enkle atonale stykker for barn (2016).


No er Haugerud aktuell med ny bok, Sjelesorg. Han møter forfattar Erlend Loe til samtale om den nye romanen spesielt, skjønnlitteratur generelt, kanskje også litt om film – og truleg vil dei også snakke om noko av det som kan seiast å sameine dei to forfattarane: Ei stor ømheit for menneske som ikkje alltid føler at dei strekker til og eit blikk for at kvar einaste dag på jorda byr på ein jamn straum av misforståingar.


130/60,– (stud./honnør)

Foto: Anna-Julia Granberg/Blunderbuss/CappelenDamm / Baard Henriksen

Taggar

litteratur
dag johan haugerud
erlend loe
Arrangör
Litteraturhuset i Bergen