Djupdykk med Édouard Louis

Møt den franske forfattarstjerna Édouard Louis!

page view image
Evenemangsdatum

måndag 15 sep 2025 19:00

avslutas måndag 15 sep 2025 20:00
Beställ

Om du har en kampanjkod, använd den här

Tillgängliga artiklar

Vanlig
Student/ honnør
BT Fordel
event image

Evenemangsinformation

Frå debuten En finir avec Eddy Bellegeule (Farvel til Eddy Bellegeule) som kom i 2014 har den franske forfattaren Édouard Louis skildra levekåra for delar av arbeidarklassen og utfordra middelklassens blindsoner. I bøkene Voldens historie (2016), Hvem drepte faren min (2018), Forandre seg. Metode (2022) og Monique flykter (2025) har han halde fram med å skildre si eiga klassereise gjennom historier frå ein oppvekst, frå ein familie, frå ei studietid og eit etterkvart etablert vaksenliv i eit akademisk, øvre middelklassesjikt i Paris.

Eit av dei tematiske spora og spørsmåla som bind bøkene til Louis saman er: Korleis motverkar ein fattigdom, vald og undertrykking om ein ikkje veit at dette er kvardagen for mange? No er Louis aktuell på norsk med si sjuande og siste bok om familien sin, L’effrondement (på norsk Kollaps). Her fortel han om broren som brukte store delar av livet på å drøyme seg vekk frå den fattige arbeidarklassen. Han førestilte seg ei verd der han ville bli ein verdskjend handverkar, at han kom til å reise rundt om i verda, og tene pengar. «Broren min var ikke et godt menneske, og likevel vil jeg prøve å forstå ham. Jeg vil forstå hvorfor han ble til det vesenet som han ble,» skriv Louis i Kollaps.

Møt Louis i samtale med førsteamanuensis i fransk litteratur og områdestudier ved UiO Kjerstin Aukrust om brorens livshistorie, om brutuale oppvekstvilkår, om klasseskilje og «franske tilstander» – og om sjølvbiografiens moglegheit og fallgrav.

220/150,– 

Foto: Jean-François Robert / modds og Herman Ellegård/ Aschehoug

Taggar

edouardlouis
fransk
litteratur
politikk
forfatter
Arrangör
Litteraturhuset i Bergen