Ingeborg Arvola har skrive bøker for barn, ungdom og vaksne og fekk sitt store gjennombrot med romanen Kniven i ilden (2022), som ho mottok Brageprisen for. Kniven i ilden er første bok i ein trilogi om sterke kvinner og kvensk kultur der Arvola trekker vekslar på si eiga familiehistorie. No er Arvola aktuell med bok nummer to, Vestersand, i serien som har undertittel «Ruijan rannalla – Sanger fra ishavet». Her tar Arvola oss med til Neiden og Pykeijä, ho skildrar kvalfangst og tømmerbygging, isande snøhav og dampande sauna – og ikkje minst mørk sjalusi og stor kjærleik.