Litterær samtale med Agnes Ravatn

Agnes Ravatn i samtale med Christian Kjelstrup om kva som skjuler seg av makt og løgner i forlagas korridorar

page view image
Evenemangsdatum

torsdag 30 okt 2025 19:00

avslutas torsdag 30 okt 2025 20:00
Beställ

Om du har en kampanjkod, använd den här

Tillgängliga artiklar

Vanlig
BT Fordel
Student/Honnør
event image

Evenemangsinformation

Agnes Ravatn har markert seg som ein skarp samtidsanalytikar, både i essayistisk form og i romanar. Romanane hennar, som Fugletribunalet (2013), Dei sju dørene (2019) og Gjestene (2022), kan skildrast som intense kammerspel, der eit menneske, eit par eller ein familie står på randa av kollaps. No er ho aktuell med romanen Doggerland – der det knakar i reiserverket i eit forlag som har eksistert i generasjonar. Matriark og forleggar Myrna Høst nærmar seg pensjonsalder, og dei to barna hennar, den litterært anlagde Filip og den økonomisk orienterte Henny, posisjonerer seg begge for å ta over. Då eit ukjent manuskript brått dukkar opp, spissar ein gryande familiekonflikt seg til.   

Møt Ravatn i samtale med Christian Kjelstrup om korleis makt, arv og løgner speler seg ut i ei tid der litteraturen sin eksistens er truga.

Det blir boksal og signering etter arrangementet.

Foto: Line Omland Eilevstjønn/ Samlaget

Taggar

samtale
litteratur
agnes ravatn
christian kjelstrup
Arrangör
Litteraturhuset i Bergen