Forfattarsamtale med Hallgrímur Helgason og Marit Eikemo
Samtale med den islandske forfattaren Hallgrímur Helgason om romanen «Seksti kilo solskinn» og om det norske sildeeventyret på Island
Information
Like før jul i 1889 blir ei lita bygd på den nordvestre delen av Island råka av eit kraftig snøras. Den einaste overlevande er den to år gamle guten Gestur som har klart seg ved å drikke mjølk rett frå juret på kua. I romanen Seksti kilo solskinn fortel den islandske forfattaren Hallgrímur Helgason ei eventyrleg historie som knytter nordmenn og islendingar tett saman, nemleg det store sildefisket på Island.
Som følgje av at nordmennene på slutten av 1800-talet oppdaga sildefisket på Island, skjedde det store samfunnsendringar og ei rask industrialisering på øya ute i Nord-Atlanteren. For Gestur i Seksti kilo solskinn skaper dette eit håp om å finne vegen ut av fattigdom – og slik skisserer Helgason også opp ei tid som endra Island for alltid.
Hallgrímur Helgason er ein av Islands mest kjende forfattarar, m.a. kjend for romanen 101 Reykjavik som også er filmatisert. Møt Helgason i samtale med forfattar Marit Eikemo om Seksti kilo solskinn, om sild og menneskelagnader, og om dei mange banda som finst mellom nordmenn og islendingar.
Waiver
Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.