page view image

Halvor Folgerø om Ferjefolket

Information
event image

Ferjene set sterke kjensler i sving. Og dei er komne for å bli, i alle fall ei stund til. Forteljinga om ferjene utgjer ein viktig del av historia om Noreg, og ikkje minst om dei norske utkantane. I Ferjefolket tar journalisten Halvor Folgerø oss med på ferjeturar og fortel historier frå Smøla-ruta i nord til Kvitsøy-ferja i sør. 

Bli med til fjordar og havstrekk, møt glade billettørar, stolte kapteinar, få historier om kvardagsliv og komikk, dramatikk og ulykker. Både mannskap, pendlarar, yrkessjåførar og reisande har sin plass i dette føredraget der Folgerø også vil vise bilde frå den rikt illustrerte boka.

Det blir boksalg og signering etter arrangementet.

150/70,– (stud./honnør).

ferje vestlandet bil kultur norsk