© TicketCo AS 2025.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Det er produsert eit titalls dokumentarar, spelefilmar og seriar av høg kvalitet om terroren som råka Utøya og Regjeringskvartalet i Oslo 22. juli 2011. Desse skildringane er svært viktige tilskot til den nasjonale og internasjonale bearbeidinga av og samtalen om 22. juli. Men har norsk film klart den store utfordringa i å fortelje om og nærme seg vondskapen? Har dei bestått den avgjerande testen i å skildre terroren på Utøya 22. juli 2011?
Dette er eitt av fleire spørsmål Kjetil Lismoen stiller i boka Å gjenskape det ufattelige.Om 22. juli på film og tv. For: Korleis gjenskape 22. juli-terroren utan å redusere det til underhaldning, korleis gi ofra den plassen dei fortener og korleis forholde seg til terroristen, med filmens verkemiddel?
Møt Lismoen i samtale med med professor i visuell kultur ved UiB Asbjørn Grønstad om sider ved 22. juli-komplekset som frå før ikkje har vore avdekt og diskutert.
Bilde: Generasjon Utøya (Motlys/Fenris), 22.JULY (Netflix), Rekonstruksjon Utøya (Henrik B. Ipsen / Vilda Bomben Film), Makta (NRK/Motlys), Utøya 22.juli (Paradox), 22.juli (NRK)