Lyrisk tjuvstart: Cecilie Løveid les På Ørnetuva

page view image

Tickets Not Available

order
Tickets not available anymore
event image

Event information

Poesifestivalen tjuvstartar årets festival med langlesing av Hauge sitt gjennombrotsverk På Ørnetuva. I Bergen med byen sin store poet Cecilie Løveid! Diktsamlinga På Ørnetuva er tema for årets festival og dette vert såleis det perfekte startskotet for tre poetiske festdagar i Ulvik.


Cecilie Løveid (f. 1951) blir rekna som ein av dei store lyrikarane i norsk litteratur og er ein av våre mest spelte samtidsdramatikarar. Løveid har med sitt særprega og sjangeroverskridande språk vore ein viktig og nyskapande lyrikar sidan tidleg 1970-talet. Det er slett ikkje kvar dag Løveid langles Hauge i byen si litterære storstove, så ver om deg.


150,-

Tags

vestlandet
litteratur
Organizer
Litteraturhuset i Bergen