Tidsskriftet BLA til Bergen: om kjendisar, bokhausten og med opplesingar

Kva er dei store forfattarstjernene avhengige av for å skinne klart, og kva mistar vi om vi gløymer underskogen av mindre glamorøse forfattarar?

page view image
Event date

Tuesday 26 Aug 2025 19:00

Ends Tuesday 26 Aug 2025 21:00
order

If you have a promo code apply here

Available items

Student/Honnør
Vanlig
BT Fordel
event image

Event information

Då Jon Fosse vann Nobelprisen i litteratur, markerte det sjølve kroninga av ein ny gullalder for norsk litteratur. Men kva er det eigentleg som har skapt denne massive suksessen? Kva er dei store stjernene avhengige av for å skinne klart, og kva mistar vi om vi gløymer underskogen av mindre glamorøse forfattarar?

I samarbeid med Litteraturhuset i Bergen og Norsk Forfattersentrum Vestlandet inviterer Litteraturavisa BLA med redaktørar Eilif Guldvog Hartvedt Og William Sørensen Mørch til relansering av BLA-podden i Bergen for å snakke om kollektive motkulturelle krefter og litterære miljø i dag og i fortida. Gjest er poet og historikar Fredrik Hagen m.fl.

Bokhausten er altså i gang og Norsk Forfattersentrum relanserer på si side serien Kort og godt, der ulike forfattarar les eigne tekstar. Og så blir det fest i LITT Colonialen, kom kom!




Tags

litteratur
Organizer
Litteraturhuset i Bergen